Gamalt frå Kvam 2016

Bier, ugle, slakting, bryllaup, kvinner, turisme og krig

For å nemna noko. Varden på Tørviknuten prydar årets utgåve av Gamalt frå Kvam. Ikkje berre peparkaker og klementiner, men òg den lokalhistoriske publikasjonen dukkar årvisst opp i kvammabutikkane i oktober, om ikkje før. Den 72. årgangen av utgjevinga byd på vel 130 sider. Redaktør Marie E. Skutlaberg og redaksjonsnemnda har som vanleg funne plass til eit mangfald av tekstar og bilete fordelte på 20 artiklar, om ein reknar med den tradisjonelle, humoristiske oppsummeringa av året som har gått, med den mystiske og HF-lesande Uglo som avsendar.

Bryllaup og skaut

Heftet sluttar som vanleg med Uglo, og byrjar med ei Fluge – nærare bestemt Dagny Fluge – si utbrodering av bryllaupsfeiring på kvammavis. Fluge døydde i 2007, men familien har velsigna at eit manuskript ho nytta i ei radiosending vert attgjeve i heftet. Ein kan seia kva ein vil om dagens bryllaupsfeiringar, men teksten etterlét ingen tvil om at det var meir mask med den slags før i tida enn det er i dag. Som eit naturleg framhald skriv Brita Træbakken om tradisjonen med skaut i artikkelen Ho skapa seg med skaut. Der får me mellom anna vita at dei som kunna bitta skaut slik at kvinna som ber det, vart mannberr. Træbakken har dessutan omtala og referert ei hyttebok frå Skeie-stølen Stølshaug på Byrkjesete.

Hotelldrift og Tvibylgjo

Redaktøren har skrive om hotelldrift i Søre Hamlagrø og om tvibylgjetausene. Tvibylgjo er truleg namnet på ein stad i Steinsdalselva nedom brua på Netelandsvegen der elva deler seg i to når elva er stor og stri. Teksten omtalar fire systrer – Gyrid, Helga, Karolina og Johanna – som voks opp i husa ved Tvibylgjo, som i dag er borte. Erna Tveitnes skildrar barndomen i Ålvik i 1950-åra. Karen Matthiessen i redaksjonsnemna har omtala diktaren Peter Munheim frå Mundheim, i høve at det i januar var 125 år sidan han vart fødd. Ein annan skribent, Pål Sundvor, er omskriven av Randi Jåstad. Sundvor kom frå Fusa, men flytta sidan til Kvam med kona, som var lærar på Steinsdalen skule. Forfattaren presterte 30 bøker, både romanar, noveller, dikt, barnebøker og skodespel.

Krig og stein

Litt krigshistorie er det rom for også i årets hefte. Nils S. Aksnes har fortalt Mali Grete N. Aksnes korleis det var å vera ung gut ikrigsdagane. Sverre Trætteberg skriv om korleis det var då familien hans ”evakuerte” frå Bergen til Oma, der dei tidlegare hadde feriert. Pensjonert lærar Sverre Måkestad har omtala jøtulen Jon i Hodn, som budde i Jonahodn i Jondal, som ifølgje soga kastaei steinflis over fjorden og like til Augastadsanden. Den såkalla Bautasteinen er meir enn seks meter høg. Frå 1780-åra vart han nytta til bru over Dragselva, men med ny veg og bru i 1897 vart steinen teken ut av bruk. Ungdomslaget i Tørvikbygd frakta seinare steinen til Drage, der han vart reist att. 17. mai 1914 var det avduking av steinen, som vart del av bygdemuseet på Drage. Øyvind Aarekol skildrar kløvjing før og no. Han fortel at Lars Tyssebotn truleg var den siste som støla med hest og kløv i Kvam. Han dreiv geitestøl i Steinskvanndalen til 1990, men avslutta kløvjinga då vegen dit kom kring 1984. Sidan flytta han til Aase iTørvikbygd. I Tørvikbygd finst også Eikjå, Mjølkeika eller Tufteika, den fredaeika som står midt i fylkesveg 49. Johannes Heradstveit har teke for seg historia til treet.

Slakteomgrep

Redaktør Skutlaberg har prova før at ho er oppteken av kvammadialekten, noko tittelen Pao vaksande maone, naor da e pao floæ vitnar om. Forstår du ikkje bæret, er du anten for ung eller for lite røynd med slakting. I artikkelen orienterer ho om ord og omgrep knytte til heimeslakting. Visste til du til dømes at noko av det fyrste slaktaren gjorde etter å ha opna buken på ein sau, var å rekkja smaotarmane frao kraganekkjo? Eller at ein tidlegare meinte at flesket var drygare og busta enklare å få av grisen på flo sjø? Også insekta får sin skjerv i historieheftet. Johannes Heradstveit slepper birøktar Reidar Byrkjeland til.

Kvinner på reis

Kunstnar Rigmor Hovland, omtalai HF tidlegare i år i samband med utstillinga 38 damer kom til Ålvik, skriv om historia til ei av dei 38 damene: Klara Andvik. Frå nyare tid skriv GunnvorStorås, med sine 26 år den yngste skribenten i årets Gamalt frå Kvam, om ekspedisjonen Kon Tiki 2, som ho deltok på i Stillehavet i fjor. Før i tida var det som i dag vert rekna som småturar, vurdert som lange reiser. Karen Matthiessen fortel om ferdslevegen fråHålandsdalen til Bergsenden og vidare til Strandebarn. Reising er tema også i den siste ordinære artikkelen i boka. Redaktøren skriv om pionértida i turistbygda Kvam. Der får me vita at også for 100–150 år sidan, då turismen sakte utvikla seg, var Steinsdalsfossen eit av dei store trekkplastera i Kvam. Med hest og kjerre vart turistane skyssa frå Norheimsund sentrum til fossefallet. Sidan vart turane til Tokagjel populære. Også friluftskafeen ved Movatnet og sjøbadet på Sandven, båe bygde av svenske Felix Grahnstrøm, får spalteplass. Ideen hans om gondolbane frå Norheim til Sælesete vart det aldri noko av.

Julebrev i Bygdejol 1992-2016
Julebrev i Bygdejol 1992-2016

 

Her er det høve til å kosa seg med 25-års Kvammhistorie...

Les meir…
More:
Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller
Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller

(UTSELD!)
Forfattaren Arvid Møller kom etter eit foredrag om målaren...

Les meir…
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger

Dette er ein dokumentarfilm som fortel frå historia om Ålvik som ind...

Les meir…
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad

Ei kortfatta, men samla framstilling av dei fire månadene Knut Hamsun budd...

Les meir…
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg

2.utgåve

Dette er ei samling forteljingar der folk frå Kvam fortel om...

Les meir…
Attersyn 1 Av Knut Markus
Attersyn 1 Av Knut Markus

Vårt mål med boka har vore å laga ei bok med balansert utval a...

Les meir…
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse

Boka er eit kikhol inn i fortida, der somme ting er iaugnefallande, medan anna e...

Les meir…
Bygdejolsbøker
Bygdejolsbøker

Kvam Sogelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det...

Les meir…