Bokslepp på Fykse 2017

 

 

Omtrent 50 personar møtte opp på det årlege Boksleppet på Fykse. Men så hadde vi også eit strålande program der vi  feira 80-årsjubileet for Fyksesundbrua saman med lansering av  boka der vi har samla julebreva som var trykte i Gamalt frå Kvam frå dei siste 25 åra.  Gamalt frå Kvam,  årboka, vart presentert av den nye redaktøren, Randi Jåstad. 

Olav Skeie som har skrive dei fleste uglebreva, deltok med song og soger.  

To av skribentane i Gamalt frå Kvam i år fortalde.  Åmund Soldal fortalde om bygging av Fyksesundbrua. Birgit Fykse fortalde frå soga til Fykse sanitetslag. 

Vi  fekk servert betasuppe.  Og jammen hadde ikkje vegvesenet spandert jublileumskake!