Vedtekter

Vedtekter for Kvam soge- og kulturminnelag 

sist oppdatert på årsmøtet 21.02 2018 

§ 1. Føremål med laget.

Laget sitt føremål er å arbeida for å ta vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie. Namnet på laget er Kvam soge- og kulturminnelag.

§ 2. Arbeidsoppgåver

Laget si hovudoppgåve er å gje ut ei årbok med lokalhistorisk stoff. Årboka skal vera i sal innan utgangen av oktober. Laget gjev ut 2 medlemsblad i året. Laget kan også arrangera møte, kurs og ekskursjonar, og kan stå bak andre tiltak som tener laget sitt føremål.

§ 3. Årbok

Styret vel ei redaksjonsnemnd på fire personar straks ny årbok er utgjeven. Minst ein av medlemmene bør vera medlem i styret for Kvam soge- og kulturminnelag. Medlemene i redaksjonsnemnda må vera tilspurde på førehand. Redaktør vert oppnevnd av styret i samarbeid med redaksjonsnemnda. Styret får fullmakt til å utvida redaksjonsnemnda med inntil to personar dersom behovet tilseier det.

§ 4. Hardangerforlaget

Kvam soge- og kulturminnelag står bak Hardangerforlaget. På årsmøtet vert det vald ei forlagsnemnd på tre personar. Ein av dei tre medlemene skal vera medlem av styret i Kvam soge- og kulturminnelag. Minst ein av medlemene må vera vald for to år. Forlagsnemnda gjev tilråding til styret i Kvam soge- og kulturminnelag vedrørande eventuelle bokprosjekt. Forlagsnemnda er fagleg ansvarleg for eventuelle bokprosjekt, og følgjer opp produksjon, lagerhald, sal og distribusjon av laget sine bøker.

§ 5 Organisering.

Kvam soge- og kulturminnelag er ein open medlemsorganisasjon tilknytt Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

§ 6. Medlemskap.

Medlemer av laget er personar som har betalt medlemspengar siste året. Medlemer får tilsendt årboka utan ekstra kostnad og har førerett til å ta del i dei tiltaka laget står bak. Medlemspengane skal minst dekka utgifter i samband med drift av laget, utgjeving og utsending av årbok og medlemsblad.

§ 7. Styre

Kvam soge- og kulturminnelag vert leia av eit styre på 5 medlemer med 3 varamedlemer i nummerorden. Leiar kallar styret saman. Styret kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er til stades. Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.

§ 8. Økonomi

Styret i Kvam soge- og kulturminnelag er økonomisk ansvarleg for laget si drift, og likeeins for Hardangerforlaget sine prosjekt. Leiar i Kvam soge- og kulturminnelag, eller den styret gjev fullmakt, har rett til å gjera økonomiske disposisjonar. Rekneskapen skal reviderast av 2 revisorar. 

§ 9 Årsmøte

Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Det skal kunngjerast i lokalavisa med minst 21 dagars varsel.

Årsmøtet skal handsama desse sakene:

1. Årsmelding

2. Revidert rekneskap.

3. Medlemspengar

4. Arbeidsplan og budsjett for komande år.

5. Innkomne framlegg.

6. Val:

• Leiar for eitt år.

• Styremedlemer for to år.

• Varamedlemer for eitt år

• Revisorar for eitt år

• Forlagsnemnd (Hardangerforlaget), som nemnt i § 4. Årsmøtet vel 3 medlemer med varamedlemer for ein valperiode på to år. Ein medlem og ein varamedlem skal veljast blant styremedlemmene i soge- og kulturminnelaget. Forlagsnemnda konstituerer seg sjølv.

• Valnemnd på 3 medlemer, der ein medlem er på val kvart år. (Skal veljast for 3 år i gongen).

Medlemer som har betalt medlemspengar siste året kan delta på årsmøtet. Saker som medlemer ynskjer ta opp på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet.

§ 10. Omframt årsmøte.

Omframt årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når minst 25% av medlemene gjer skriftleg krav om det. For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.

§ 11. Lovendring og oppløysing.

Lovendringar og oppløysing av laget kan berre gjerast med 2/3 fleirtal av dei frammøtte på vanleg årsmøte. Evt. framlegg til lovendringar og oppløysing av laget skal stå i kunngjeringa om  årsmøtet. Ved ei oppløysing av laget, som ikkje vidarefører arbeid med same formål i ein annan organisasjon, skal aktiva overførast til Kvam herad og nyttast til føremål som samsvarar med § 1 i desse vedtektene.