KVAM SOGE- OG KULTURMINNELAG
Referat frå årsmøtet 21.02.2018
Årsmøtet vart halde i ungdomshuset på Oma
Før årsmøtet fortalde Ole Gjerde om feletradisjonar og felebygging og om korleis han no freista etablera ein felebyggeverkstad på Tangerås. Han spela og litt to-radar til oss.
Etterpå vart det servert betasuppe, kaffi og mjelkekaker.
Det møtte 16 medlemmer til årsmøtet.
Årsmøtet vart opna av leiar Anne Liv Soldal.
Sakliste:
1 Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under årsmøtereferatet
2 Årsmelding
3 Revidert rekneskap for 2017
4 Medlemspengar, helsingslysingar
5 Arbeidsplan og budsjett for 2018
6 Innkomne saker
7 Val
1 Val av ordstyrar, referent og to til å skriva under årsmøtereferatet
Tore Fykse vart vald til ordstyrar, og skrivar vart Brita Træbakken.
Magne Fykse og Halldis Vangdal vart valde til å skriva under referatet.
2 Årsmelding
Anne Liv Soldal gjekk gjennom årsmeldinga. Årsmeldinga vart godkjend.
3 Revidert rekneskap for 2017
Brit Magnussen gjekk gjennom rekneskapen. Rekneskapen vart godkjend.
4 Medlemspengar, helsingslysingar
Medlemspengane vert uendra, kr 250 pr. år.
Prisen på helsingslysingar vert heller ikkje endra og er framleis kr 250.
5 Arbeidsplan og budsjett for 2018
Anne Liv Soldal orienterte om planar for 2018. I tillegg til dei tradisjonelle aktivitetane vil styret leggja vekt på å få redusert boklageret m.a ved å selja bøker til reduserte prisar. Styret ser det som ei viktig oppgåve å spreia interessa for lokal historie.
Styret arbeider også med å få laga ei stølsbok for Kvam. Denne vil leggja vekt på å få fram sogene til stølane og vera eit supplement til boka om stølsturar som Turlaget gav ut i 2006.
6 Innkomne saker
6A Vedtektsendringar
Styret fekk i oppgåve på sist årsmøte å koma med framlegg om endringar i vedtektene.
Framlegget var offentleggjort på laget sine heimesider.
Svein Meidell Østensen gjorde framlegg om ei endring i § 8 i høve til det styret hadde sendt ut .
Framlegg frå styret (tillegg til eksisterande tekst):
… Rekneskapen skal reviderast av 2 revisorar.
Østensen sitt framlegg til tillegg:
…Revisorar skal også føre tilsyn med at det er styrevedtak bak økonomiske disposisjonar i laget.
Styret sitt framlegg vart vedteke med 14 røyster.
Dei andre framlegga til endringar vart vedtekne utan vidare diskusjon.
6B Brev frå Svein Meidell Østensen
Svein Meidell Østensen sende 12.02.2018 eit brev som han ville ha framlagt til behandling på årsmøtet.
Østensen meiner han har krav mot laget som ikkje er etterkomne og brevet inneheld ulike skuldingar mot styret. Saka har vore oppe i dei tre siste årsmøta, og styret hadde med den bakgrunnen laga ei oppsummering av saka. Kopi av Østensen sitt brev og styret si oppsummering vart delt ut på årsmøtet og er lagt ved referatet.
Det vart ein diskusjon der Østensen presenterte sitt syn, og styret la fram sine synspunkt utan at det kom til noko ny konklusjon. Det vart ikkje stemt over styret si tilråding i notatet, dvs pkt.4. Dei tre andre punkta var handsama i samband med endringar i vedtektene.
7 Val
Leiar i valnemda Johannes Heradstveit gjekk gjennom kven som var på val og nemda sine framlegg og følgjande styre vart vald:
Leiar : Anne Liv Soldal vald for 1 år (attval)
Styremedlemmer: Oddbjørn Borge vald for 2 år. (attval)
Brita Træbakken vald for 2 år (attval )
Styremedlemmer som ikkje er på val:
Tore Fykse vald for 2 år i 2017
Brit Magnussen vald for 2 år i 2017
Varamedlemmer: Arne O. Øystese vald for 1 år (ny)
Arne Skeie vald for 1 år (ny)
Margunn Olina Fykse vald for 1 år (ny)
Hardangerforlaget
Anne Liv Soldal med personleg vara Brita Træbakken (2 år)
Johannes Heradstveit ikkje på val
Personleg vara: Oddbjørn Borge (ny)
Torgeir Magnar Børve vald for 2 år (attval)
Personleg vara: Sjur Tarjei Fykse (attval)
Revisorar
Helga Byrkjeland vald for 1 år (attval)
John Magnar Neteland vald for 1 år (attval)
Valkomité
Johs Heradstveit Vald for 3 år
Ingebjørg Vik Seljebotn Ikkje på val, vald i 2016
Randi Jåstad Ikkje på val vald i 2017
Anne Liv Soldal takka både dei som hadde laga maten og dei frammøtte for deltaking i årsmøtet.
Magne Fykse
(sign)
Halldis Vangdal
(sign)