Årsmelding 2017

ÅRSMELDING FOR  2017, KVAM SOGE- OG KULTURMINNELAG

Tillitsverv;

Leiar; Anne Liv Soldal, attval for 1 år på årsmøtet 23.2.2017

Nestleiar; Brita Træbakken, vald for 2 år i 2016

Skrivar; Tore Fykse, attval for 2 år i 2017

Rekneskapsførar; Brit Astrid Magnussen, attval for 2 år i 2017

Styrelem; Oddbjørn Borge, vald for 2 år i 2016

Varalemer til styret (alle attvalde for 1 år i 2017); Karen Matthiessen, Torbjørn Skeie og Lars Olav Augestad

Hardangerforlaget

Leiar; Anne Liv Soldal med personleg vara Brita Træbakken, begge valde for 1 år i 2017

Torgeir Magnar Børve med personleg vara Sjur Tarjei Fykse, begge attvalde for 2 nye år i 2017

Johannes Heradstveit med personleg vara Lars Olav Augestad, begge valde for 2 år i 2016

Revisorar (valde for 1 år i 2017); Helga Byrkjeland (ny) og John Magnar Neteland (attval)

Valkomité;

Johannes Heradstveit, leiar og  vald for 3 år i 2015, på val i 2018

Ingeborg Vik Seljebotn, vald for 3 år i 2016

Randi Jåstad, vald for 3 år i 2017

Årsmøtet for 2016  var i gamleskulen på Norheim i Norheimsund 23.februar 2017. Olaug Dyrkorn fortalde om skuletida i der og Nia Kvitatiani og Ronja Bruner Fonneland frå Kvam kulturskule underheldt med musikk og song.

Styrearbeid og arbeidsoppgåver i meldingsåret

Nestleiar Brita Træbakken og styrelem Oddbjørn Borge representerte laget på årsmøtet og lokalhistoriske dagar i regi av lokallaget i Os og Hordaland sogelag/fylkeslaget. Tillyst tur til Statsarkivet vart avlyst då dei to som hadde meldt seg på trekte seg. Turen til Tønnegarden i Fusa 2.9. samla 18 forventningsfulle til ei minneverdig utflukt. Boksleppet var på Fykse der Olav Skeie Lid «trollbatt» forsamlinga i tekst og tonar. Åmund Soldal og Birgit Fykse fortalde frå innlegga sine i årboka – i overkant av 50 gjekk nøgde ut i haustmørket. Takk til alle som ytte ein innsats for ein vellukka og god kveld. Styret har også i år teke seg av sal på Trebåtfestivalen i Norheimsund, Torgdagen i Norheimsund, Siderfestivalen i Øystese , Husflidsmessa i Øystese og Julemessa i Strandebarm. Vervedugnad i haust med utdeling av SogeSkriv nr. 2 til husstandane i heile Kvam herad var ny av året. Utdeling av SogeSkriv 1 og 2 i tillegg til årboka til medlemene i Kvam (om lag 300) vart også gjort på dugnad av styret. Utdeling av boka til  dei som hadde betalt for helsing vart også gjort av styret. Elles  vart det gjeve 20 GFK (4 frå kvart av åra 2012- 2016 ) til Strandebarm ungdomsskule. Kvam ungdomsskule fekk 30  (6 av kvart frå dei same åra). Eldreinstitusjonane har også fått utlevert nokre hefte. Butikkane, 11 i talet, har vorte «fora» med bøker frå laget og salet deira  av GFK 2016 var 778. I år var salet i butikk samla 659 GFK. Produksjonen gjekk ned frå 1850 til 1750. Litt fjernsal har det også vore, mest av Slektsbøkene. Prisen på desse har vi sett kraftig ned i von om at fleire kjøper til seg sjølv og andre. Haugenbok.no i Oslo tingar gjerne 1 og 1 bok til ulike kundar. Bøkene vi har for sal ligg med informasjon i landsdekkande katalog Bokbasen. Attersyn nummer 1 er utseld frå forlaget. Jubileumsbok med 25 julebrev frå 1992 til 2016, samling frå Bygdajol/Gamalt frå Kvam, har vore for sal sidan ultimo juli. Diverre har boka seld mindre enn venta. Tilskotssøknader til Kvam Herad, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Landslaget har gjeve pengar til arbeidet vårt. Antal medlemer har vore stabilt, med naturleg avgang og tilgang…528 medlemer ved årsskiftet 2017/2018.  Antal helsingslysingar har diverre gått noko ned. Desse kostar framleis kr 250 medrekna fersk utgåve av årboka vår. Medlemspengane har vore kr 250 og vi vonar stadig å gje meir for desse pengane. Medlemsbladet SogeSkriv kjem ut 2 gonger kvart år, mars/april og prima oktober. Utsalsprisen på GFK har auka til kr 150 og planen er å auka utsalspris frå butikk til kr 200 for 2018. Såleis vonar vi å halda medlemspris og pris for helsingslysingar uendra på kr 250. Hardangerforlaget har hatt møte vedgåande boklager og prising, Jubileumsboka som kom ut i 2017 og plan om utgjeving av ny bok om støling i Kvam. Lagerlokalet på trykkeriet vart kraftig redusert etter Bodoni AS overtok etter Riss Grafisk AS.

Gamalt frå Kvam

Redaktør har vore Randi Jåstad og med seg i redaksjonsarbeidet har ho hatt Mali Grete N. Aksnes, Marie Elisabeth Skutlaberg, Bjørn Otto Wallevik, Karen Mattiessen og Brita Træbakken. Like etter bokslepp vart arbeidsstyrken for GFK 2018 lansert. Marie Elisabeth Skutlaberg takka for seg etter trufast og godt arbeid for laget gjennom mange år. Randi tok heldigvis på seg redaktøransvaret for enno eit år og alle 4 medhjelparane takka ja til attval.

Styret i Kvam soge- og kulturminnelag