Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller

(UTSELD!)
Forfattaren Arvid Møller kom etter eit foredrag om målaren Kjell Pahl-Iversen på Agatunet i Hardanger, innom Øystese for å besøka nokre vener. Der kom han til å sjå nokre skulpturar som fanga interessa hans, og Møller fekk vita at dei var laga av ein bilethoggar i bygda. Namnet hans var Øystein Laupsa, eit namn som for Møller var ukjent. Forfattaren tok kontakt med Laupsa, og møtte ein mann på 90 år som framleis var produktiv.

Etter å ha sett fleire av arbeida hans, var han ikkje i tvil - denne mannen måtte fleire få kjennskap til! Og dermed vart det bok, med innleigd fotograf frå Oslo. ein biografi og ei kunstbok, bygd opp rundt samtale, forteljing og biletstoff, sett saman på ein måte som gjer at også dei utan kunstinteresse vil ha glede av ho. Her møter du bygdaguten med dei uvanlege kunstnargivnadene, som vaks opp etter 1. Verdskrig, og fekk si ungdomstid mellom to krigar - og si utdanning under krigen. Den vart ikkje heilt som planlagd.

Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS
Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 2008