Kvam soge - og kulturminnelag

Siste nytt:

  • Det er Kulturminnedagar 8.-16. september. Kvam soge og kulturminnelag arrangere tur til Syse Gard i Ulvik laurdag 15. september. Meir informasjon kjem.  
  • Det vert tur til Statsarkivet torsdag 7. juni, oppmøte der kl 1800. Påmelding til Anne Liv  Soldal.  Vi samordnar køyring fra Øystese/ Norheimsund.
  • Kulturminneplanen for Kvam har høyringsfrist 15. juni.  Her er ein link til planen slik den føreligg før høyring.  Har du ein kommentar til planen kan den sendast direkte til kommunen, eller du kan ta kontakt med Brita Træbakken for samordning med kommentarane frå sogelaget.
  • Vil du sjå Bygdejol på You Tube? Bjørn Otto Wallevik har laga ein liten film med opplesning av eit juledikt frå 1945. 
  • Randi Jåstad er redaktør for Gamalt frå Kvam. Ta gjerne kontakt med henne om du har forslag til stoff du gjerne vil skriva eller lesa om 2019 utgåva!  Det er innspurt på 2018 utgåva no.

 

 

Gamalt frå Kvam 2017

ser slik ut i år 

 

Gamalt frå Kvam har i år, som vanleg, eit breitt utval av artiklar.  Tema for artiklane  dreier seg om alt frå Reidslevegen frå Øvre Aksnes til Holten til Kvartsbrotet i Klyve.  Det er også ein artikkel om ein av dei kvinnlege bedriftsleiarane vi fekk i Kvam på 60-70-talet: Eli Marie Pedersen. Frå Ålvik har vi eit utdrag frå Bjølvo om Nybadestrondo, og frå Strandebarm  fortel Harald Heradstveit om kisteproduksjonen.

Atiklane er illustrert med bilete, spesielt har Dagfinn Berge skrive om 12 fine planter i Kvam med vakre bilete.

Trekkspelkubben jubilerer, det gjer også Fyksesundbrua, begge har fått si historie fortalt. 

Tilsaman er det 19 ariklar fordelt på 139 sider. 

Uglo har som vanleg teke seg ein tur over Kvam, og får tradisjonen tru avslutta årboka. 

 

  Kvam soge- og kulturminnelag
  • er ein open medlemsorganisasjon
  • tar vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn
    forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie
  • er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie
  • er lokalisert i Kvam herad som ligg i ytre Hardanger
  • har om lag 520 medlemer

Vil du verta medlem av Kvam soge- og kulturminnelag?

Ta kontakt på: post (krøllalfa) kvam-sogelag.no -

eller ta kontakt med styreleiar på E-post:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa  

Årsmelding for år 2016 kan du lesa under menypunktet  Årsmelding.

 Gamalt frå Kvam 

Kvam soge- og kulturminnelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam. Medlemer i Kvam soge- og kulturminnelag får kvart år tilsendt to Sogeskriv og årboka Gamalt frå Kvam.

Er du på jakt etter ein spesiell artikkel, kan du lasta opp vedlegget nederst på sida. Her finn du ei fil med oversikt over alle artiklar med forfattar og årstal samt litt om innhaldet. 

Me arbeider med digitalisering av årbøkene. Her er ein test: Bygdejol 1971.

Hardangerforlaget

Kvam soge- og kulturminnelag står bak drifta av Hardangerforlaget.
Er du interessert i bøker, finn du omtale av dei vi har under menypunktet Bøker.
Du kan tinga desse bøkene ved å sende 
e-post til:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa  eller til leiaren.


Slektsbok for Strandebarm og Tørvikbygd
Slektsbøkene for Strandebarm og Tørvikbygd er utgitt i 2008 og 2009. Det er i alt tre bøker.
Bøkene er tilgjengeleg i bokhandel eller direkte frå Hardangerforlaget: post(alfakrøll)hardangerforlaget.no Eller du kan kontakte leiar

 

Bokbestillingsskjema

Julebrev i Bygdejol 1992-2016
Julebrev i Bygdejol 1992-2016

 

Her er det høve til å kosa seg med 25-års Kvammhistorie...

Les meir…
More:
Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller
Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller

(UTSELD!)
Forfattaren Arvid Møller kom etter eit foredrag om målaren...

Les meir…
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger

Dette er ein dokumentarfilm som fortel frå historia om Ålvik som ind...

Les meir…
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad

Ei kortfatta, men samla framstilling av dei fire månadene Knut Hamsun budd...

Les meir…
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg

2.utgåve

Dette er ei samling forteljingar der folk frå Kvam fortel om...

Les meir…
Attersyn 1 Av Knut Markus
Attersyn 1 Av Knut Markus

Vårt mål med boka har vore å laga ei bok med balansert utval a...

Les meir…
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse

Boka er eit kikhol inn i fortida, der somme ting er iaugnefallande, medan anna e...

Les meir…
Bygdejolsbøker
Bygdejolsbøker

Kvam Sogelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det...

Les meir…