bøker

Julebrev i Bygdejol 1992-2016

 

Medlemspris 100,-, Ikkje medlemmer 250,-

 

ISBN: 978-82-91520-74-2

Utgivar : Hardangerforlaget 2017

Design og trykk: Riss grafiske formgjeving AS

 

 

 

Bygdejolsbøker

Kvam Sogelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945.


Bygdejol frå 1945 til 1990 er samla i 3 bøker som er tilsals i bokhandelen eller hjå forlaget.  Bygdejolsbøkene frå 1971 - 1980 er diverre utseld.

Medlemspris: 100,-

Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget

 

 

 


 

 

Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse

Boka er eit kikhol inn i fortida, der somme ting er iaugnefallande, medan anna er gløymt. Ein del samfunnsområde er rikt dokumenterte på filmrullane. På andre, og gjerne like viktige område er det mest ikkje teke bilete. Men vonar boka vil verta til glede for mange med interesse for historia og utviklinga, som har ført fram til dagens samfunn.

Medlemspris: 100,-

Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 2001

 

 


 

Attersyn 1 Av Knut Markus

Vårt mål med boka har vore å laga ei bok med balansert utval av bilete frå alle bygdelag som i dag utgjer Kvam herad. På den tida bileta vart tekne var desse bygdene fordelt på fire ulike kommunar; Varaldsøy, Strandebarm, Jondal og Kvam. Til enkelte bilete skulle me hatt fleire opplysningar, men bileta skal også pirra fantasien og gjera deg meir interresert i å få kunnskap om vår lokale historie og kulturarv.

Medlemspris: 100,- 

Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 1997/2003

 

 


 

Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg

2.utgåve

Dette er ei samling forteljingar der folk frå Kvam fortel om ting dei opplevde som born. Tidsrommet spenner over ein 200 årsperiode, frå ca. 1750 - 1950, med størst vekt på vår nøre fortid. Boka gjev ikkje krav på å vera ei fullstendig oversikt over born sine levekår denne tidsperioden, men inneheld forteljingar som viser tilhøve på den tida hendiga er frå. Nokre av forteljingane er henta frå skriftlege kjelder, men dei fleste er skrivne ned i samband med utgjevinga av boka. ​Målgruppa for boka er fyrst og fremst born, gjerne born i skulealder som kan ha nytte av boka i heimstadsløre, grunnskuleveka eller liknande. Eg voner også at boka kan verta ei €barnebok for vaksne€, der vi kan verta inpirerte til å fortelja den yngre generasjon om eigne opplevingar.

Fortel meir, bestemor og bestefar!

Medlemspris:100,-

Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 2003

alt

 

Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad

Ei kortfatta, men samla framstilling av dei fire månadene Knut Hamsun budde i Øystese i 1879.
Dette har vorte meir aktuelt etter at dagboka til Jon Skaar vart tilgjengeleg, og etter at det hausten 1992 dukka opp to upubliserte arbeid av Hamsun i redaksjonen til Hordaland Folkeblad i Norheimsund.

Medlemspris: 20,- Ikkje medlemmer 50,-

Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS
Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 2005

 

 

 


 

 

Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger

Dette er ein dokumentarfilm som fortel frå historia om Ålvik som industristad. Det er historia om vatnet som vart til elektrisk kraft og vart grunnlaget for Bjølvefossen. Filmen fortel også om den stupbratte trallebanen, eit av dei mest unike kulturminna i Hardanger. Bør den vernast?

Vidare vert vi kjende med eit rikt kulturliv som blomstra under røyken.

Pris: 50,-


 

Regi: Knut Terum
Foto/klipp: Jan Inge Mevold Skogheim
Manus: Knut Terum / Frode storaas
Musikk: Helge Lilletvedt
Distribusjon: Kvam Sogelag
Norsk tale, 29 min.
Format: 16:9
Videoproduksjon: Pluss 2006

 

Hardangerforlaget 2006

 

Slektsbøker 3 band Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim

   No kan du få kjøpa bøker for kr. 200,-  + porto) direkte frå forlaget, nytt Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa . Medlemmer får dei for kr 100,-(+porto)

   Av Marie E. Skutlaberg, Arne Gjerstad, Sjur Tarjei Fykse (band 1)  og Torleiv Ljones (Band 2 og 3)   

   BAND 1: Heradstveit - Linga

     Største delen av boka er slektsopplysingar, knytt til gardane i indre del av
     området; Heradstveit til Linga.Under kapitelet Slik var det før presenterer me
     artiklar og foto som viser glimt frå farne tider.

 

 

 

 

 

BAND 2: Røå - Risa

Band ll og lll er lagt opp på same måte som Band 1.
Band ll omfattar det sentrale Strandebarm, frå Røå til Risa.
 

 

 

 


 

BAND 3: Børsheim - Gravdal

Band lll tek for eg ytre del, frå Børsheim til Gravdal

 

 

Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS
Trykk: Øystese Trykkeri AS
Hardangerforlaget 2008/2009