Vedtekter for Kvam soge- og kulturminnelag
Vedtekne på skipingsmøte til Kvam Sogelag 19. mars 1997 med endringar på årsmøte 24. februar 2003 og på felles årsmøte med Kvam Kulturminnelag den 19. februar 2008.
§ 1. Føremål med laget.
Laget sitt føremål er å arbeida for å ta vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie. Namnet på laget er Kvam soge- og kulturminnelag.
§ 2. Arbeidsoppgåver
Laget si hovudoppgåve er å gje ut ei årbok med lokalhistorisk stoff før jul kvart år. Laget gjev ut 3 medlemsblad i året. Laget kan også arrangera møte, kurs og ekskursjonar, og kan stå bak andre tiltak som tener laget sitt føremål.
§ 3. Årbok
Til å gje ut årboka vel styret innan 1.april kvart år ei redaksjonsnemnd på tre personar. Minst ein av dei skal vera medlem av styret i Kvam soge- og kulturminnelag. Medlemene i redaksjonsnemnda må vera tilspurde på førehand. Nemnda har rett til å knyta til seg redaktør.
§ 4. Hardangerforlaget
Kvam soge- og kulturminnelag står bak Hardangerforlaget. På årsmøtet vert det vald ei forlagsnemnd på tre personar. Leiaren av Kvam soge- og kulturminnelag er sjølvskriven som ein av dei tre medlemene. Minst ein av medlemene må vera vald for to år. Forlagsnemnda gjev tilråding til styret i Kvam soge- og kulturminnelag vedrørande eventuelle bokprosjekt. Forlagsnemnda er fagleg ansvarleg for eventuelle bokprosjekt, og følgjer opp produksjon, sal og distribusjon av boka.
§ 5 Organisering.
Kvam soge- og kulturminnelag er ein open medlemsorganisasjon tilknytt Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.
§ 6. Medlemskap.
Medlemer av laget er personar som har betalt medlemspengar siste året. Medlemer får tilsendt årshefte (årbok) utan ekstra kostnad og har førerett til å ta del i dei tiltaka laget står bak. Medlemspengane skal minst dekka utgifter i samband med drift av laget, utgjeving og utsending av årbok og medlemsblad.
§ 7. Styre
Kvam soge- og kulturminnelag vert leia av eit styre på 5 medlemer med 3 varamedlemer i nummerorden. Leiar kallar styret saman. Styret kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er til stades. Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
§ 8. Økonomi
Styret Kvam soge- og kulturminnelag er økonomisk ansvarleg for laget si drift, og likeeins for Hardangerforlaget sine prosjekt. Leiar i Kvam soge- og kulturminnelag, eller den styret gjev fullmakt, har rett til å gjera økonomiske disposisjonar.
§ 9 Årsmøte
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Det skal kunngjerast i lokalavisa med minst 14 dagars varsel.
Årsmøtet skal handsama desse sakene:
1 Årsmelding
2. Revidert rekneskap.
3. Medlemspengar
4. Arbeidsplan og budsjett for komande år.
5. Innkomne framlegg.
6. Val:
• Leiar for eitt år.
• Styremedlemer for to år.
• Varamedlemer for eitt år
• Revisor for eitt år
• Forlagsnemnd (Hardangerforlaget), som nemnt i § 4. Det skal veljast 2 medlemer med varamedlemer for ein valperiode på to år. Leiar i Kvam soge- og kulturminnelag med nestleiar som varamedlem er til ei kvar tid medlem av nemnda.
• Valnemnd på 3 medlemer, der ein medlem er på val kvart år. (Skal veljast for 3 år i gongen).
Medlemer som har betalt medlemspengar siste året kan delta på årsmøtet. Saker som medlemer ynskjer ta opp på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 21 dagar før årsmøtet.
§ 10. Omframt årsmøte.
Omframt årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når 25% av medlemene gjer skriftleg krav om det. For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.
§ 11. Lovendring og oppløysing.
Lovendringar og oppløysing av laget kan berre gjerast med 2/3 fleirtal på vanleg årsmøte. Ved ei oppløysing av laget, som ikkje vidarefører arbeid med same formål i ein annan organisasjon, skal aktiva overførast til Kvam herad og nyttast til føremål som samsvarar med §1 i desse vedtektene. |