Årsmelding for Kvam soge- og kulturminnelag for året 2009.
Kvam soge- og kulturminnelag har vel 550 medlemer. Medlemspengane er kr. 250,- pr.år. Alle medlemene får tilsendt ”Gamalt frå Kvam (Bygdejol)” og tre sogeskriv.
Styret i Kvam soge- og kulturminnelag har dette året vore slik samansett:
Leiar: Øyvind Neteland
Styremedlemer: Anne Liv Soldal, Kristian Djupevåg, Lars Børve, Sigrid Kaale.
Varafolk: Thor S. Muri, Karen Mathiessen, Oddbjørn Borge.
Årsmøtet vart halde i Kjellaren, Steinstø fruktgard, 24.februar. 23 personar frammøtte.
Styret har hatt 3 styremøte siste året og har arbeidd med desse sakene:
· Laget har gjeve ut 3 nr. av medlemsbladet Sogeskriv.
· Sundag 24. mai hadde Kvam soge- og kulturminnelag saman med Tysnes sogelag ein fin tur til Skåro og Botnen.
· Minneutstilling. Laget hadde ansvar for minneutstilling av arbeid etter kunstnaren Alv Småland i Hillandshuset i Øystese, 17. -19. september. Magne Engevik stod for arbeidet med å samla inn kunstverk og stilla ut. Kvam kunstlag var med og monterte utstillinga, og Øystese pensjonistlag sytte for vakter. Arrangementet var støtta av Øystese Næringslag og Folkeakademiet. Meir enn 200 personar var innom og såg på utstillinga.
· Laget selde bøker på Hardingtonar/ Hardanger Båtfestival i Norheimsund i juni og på siderfestivalen i Øystese i oktober.
· Onsdag 25. november var det bokslepp på Strandebarm skule der Slekstbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim, band 2 og 3 vart presenterte. Marie Elisabeth Skutlaberg fortalde om arbeidet med bøkene.
Denne kvelden vart også ”Gamalt frå Kvam” 2009 lagt fram.
I nemnda for ”Gamalt frå Kvam (Bygdejol)” har desse vore: Øyvind Neteland,
Anne Liv Soldal, Per Ragnar Kjepso og Torbjørn O. Fosso i tillegg til redaktør Ove Kjell Sakseid. Heftet har selt godt.
Utgjevinga av slektsbøkene er eit storarbeid utført av Marie Elisabeth Skutlaberg med lokale hjelparar.
For laget er dette eit økonomisk løft, som me treng tid på oss for å få i hamn.
Årsmelding for Hardangerforlaget 2009.
Styret i Hardangerforaget 2009 har vore: Øyvind Neteland (leiar i Kvam soge- og kulturminnelag), Thor Stabell Muri og Torgeir Magnar Børve.
Varafolk: Lars Olav Augestad og Sjur Tarjei Fykse.
Forlaget har i 2009 gjeve ut andre og tredje bind av Slektsboka for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim, opplag 3000 pr. bok. I tillegg til rein slektssoge, er bøkene fylte med interessante artiklar og bilete.
Som det går fram av rekneskapen, er dette kostbare produksjonar.
Salet ligg førebels under det budsjetterte.
19.02.2010
Øyvind Neteland, Anne Liv Soldal, Lars Børve, Kristian Djupevåg, Sigrid Kaale
Referat frå årsmøte i Kvam soge- og kulturminnelag
23. februar 2010.
Møtet vart halde i Kvam herad sitt rådhus 23. februar kl. 19.00.
19 personar var møtte fram.
Øyvind Neteland vart vald til ordstyrar.
Sigrid Kaale vart vald til skrivar.
Årsmelding
Årsmeldinga for Kvam soge- og kulturminnelag vart opplesen av Øyvind Neteland.
Rekneskap
Torgeir Magnar Børve la fram rekneskapen. Det vart lagt fram ein rekneskap for Kvam soge- og kulturminnelag og ein rekneskap for Hardangerforlaget.
Kvam soge- og kulturminnelag hadde eit overskot på kr. 111 285,07.
Hardangerforlaget har hatt store utgifter med utgjeving av Slektsbøkene for Tørvikbygd, Standebarm og Mundheim. Salet har ikkje gått så godt som ein hadde vona. Varelageret av bøkene er oppskrive med kr. 200 000,- . Forlaget har no eit varelager til ein verdi av
kr. 500 000,-. Desse verdiane gjer at budsjettet balanserer, men når det gjeld kontante pengar til betaling av lån, er det eit underskot på kr. 200 000, -. Det er hittil ikkje gjeve noko løn til Marie Elisabeth Skutlaberg og Torleif Ljones for alt arbeidet med bøkene.
Ein har tidlegare fått kr. 300 000, - i stønad til utgjeving av bøkene frå Kvam herad (utbetalt i 2007 og 2008). På ny søknad om stønad i 2009, er det hittil ikkje kome noko svar.
På ordskiftet i samband med rekneskapen, vart det drøfta fleire måtar å få opp salet på. Det vart m.a. gjort framlegg om at Kvam herad kanskje kunne kjøpa bøkene og gje til ulike institusjonar. Ein var samde om at utgjevinga av slektsbøkene er eit framifrå arbeid, og at bøkene er svært verdfulle. Ein håpar og trur at salet vil gå jamt og trutt. (Ein DVD med kart og gards- og bruksnummer vil koma).
Årsmelding og rekneskap vart godkjende.
Merknad: Årsmeldinga bør innehalda opplysningar om årsmøtet 2009. ( Det vert føya til).
Etter kaffipause og prat vart det val.
Val
Sjur Tarjei Fykse, Bjørn Grinde og John Svahn har vore valnemnd. John Svahn tok seg av valet.
Det nye styret for Kvam soge- og kulturminnelag vert samansett slik:
Leiar: Øyvind Neteland Attval. Valperiode 1 år.
Styrelem: Anne Liv Soldal Attval. Valperiode 2 år.
Styrelem: Lars Børve Attval. Valperiode 2 år.
Styrelem: Kristian Djupevåg Ikkje på val.
Styremål: Sigrid Kaale Ikkje på val.
Varafolk: 1. Thor S. Muri Attval. Valperiode 1år.
2. Karen Matthiessen Attval Valperiode 1år.
3. Oddbjørn Borge Attval Valperiode 1år.
Hardangerforlaget.
Leiar: Same leiar som i Kvam Soge- og kulturminnelag
Vara for leiar: Nestleiar i Kvam soge- og kulturminnelag
Styrelem: Torgeir Magnar Børve Attval
Styrelem: Johannes Heradstveit Ny
Begge styrelemene er valde for to år, men for at ikkje begge styremedlemene skal gå ut av styret same året, må styret velja kven av dei to som skal sitja eitt år.
Varafolk: 1. Sjur Tarjei Fykse Ikkje på val
2. Lars Olav Augestad Attval Valperiode: 2 år.
Revisorar: Arne L. Aksnes Attval 1 år.
Signe Karin Kvamsøy Attval 1 år.
Valnemnd: Sjur Tarjei Fykse går ut av valnemnda.
Den nye valnemnda: Bjørn Grinde (1 år att), John Svahn (2år att), Gro Aalvik (ny, 3 år).
Etter valet synte ordførar Astrid Farestveit Selsvold ein interessant serie av gamle postkort frå Kvam. Det er utruleg kor bygda har endra seg sidan dei første korta vart fotograferte.
Før møtet var slutt, vart det så vidt lufta kva framtid ein trur Hardangeforlaget har i samarbeid med Kvam soge- og kulturminnelag. Det blei ikkje fatta noko anna vedtak enn at det skulle halde fram som før.
Utsendingar til Årsmøte og lokalhistoriske dagar på Askøy 13. og 14. mars vert Øyvind Neteland og Johannes Heradstveit.
Fykse, 25. februar 2010.
Sigrid Kaale
-skrivar-
|