Bøker frå Hardangerforlaget
For tinging av bøker; Hardangerforlaget, Sjusetev. 27, 5610 Øystese eller ring Hardangerforlaget på tlf. 46 50 50 71 / 96 95 25 57. Du kan og senda E-post til post@hardangerforlaget.no. Du kan og nytta skjema nedst på sida.
Tilbod til deg som ynskjer alle tre banda av Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim. No kan du tinga alle tre bøkene for kr. 490,- pr. bok. (Ordinært kr. 550,-) (+ porto) Send tinginga til Hardangerforlaget, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese, eller nytt E-post: post(krøllalfa)hardangerforlaget.no. MÅ tingast direkte frå forlaget!
Rettingar og endringar til slektsbøkene Det er oppretta ei side der eventuelle rettingar til slektsbøkene blir gjort tilgjengeleg. Sjekk www.slektsbok.no. Her kan du sende rettingar eller melde om hendigar (om nokon som ikkje bor i bygdane døyr, kan namnet på denne leggjast inn her) som høve på denne sida, Send e-post til: post(krøllalfa)hardangerforlaget.no |
|

|
Slektsbøker 3 band Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim Av Marie E. Skutlaberg, Arne Gjerstad, Sjur Tarjei Fykse (band 1) og Torleiv Ljones (Band 2 og 3)
BAND 1: Heradstveit - Linga Største delen av boka er slektsopplysingar, knytt til gardane i indre del av området; Heradstveit til Linga.Under kapitelet Slik var det før presenterer me artiklar og foto som viser glimt frå farne tider.
BAND 2: Røå - Risa Band ll og lll er lagt opp på same måte som Band 1. Band ll omfattar det sentrale Strandebarm, frå Røå til Risa.
BAND 3: Børsheim - Gravdal Band lll tek for eg ytre del, frå Børsheim til Gravdal
Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2008
|
|
 |
Øystein Laupsa - bilethoggaren Av Arvid Møller
Forfattaren Arvid Møller kom etter eit foredrag om målaren Kjell Pahl-Iversen på Agatunet i Hardanger, innom Øystese for å besøka nokre vener. Der kom han til å sjå nokre skulpturar som fanga interessa hans, og Møller fekk vita at dei var laga av ein bilethoggar i bygda. Namnet hans var Øystein Laupsa, eit namn som for Møller var ukjent. Forfattaren tok kontakt med Laupsa, og møtte ein mann på 90 år som framleis var produktiv. Etter å ha sett fleire av arbeida hans, var han ikkje i tvil - denne mannen måtte fleire få kjennskap til! Og dermed vart det bok, med innleigd fotograf frå Oslo. ein biografi og ei kunstbok, bygd opp rundt samtale, forteljing og biletstoff, sett saman på ein måte som gjer at også dei utan kunstinteresse vil ha glede av ho. Her møter du bygdaguten med dei uvanlege kunstnargivnadene, som vaks opp etter 1. Verdskrig, og fekk si ungdomstid mellom to krigar - og si utdanning under krigen. Den vart ikkje heilt som planlagd.
Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2008
| |
 |
Gamalt frå Kvam 2009
Gamalt frå Kvam (tidlegare Bygdejol) er laga i ny drakt i håp om at denne boka skal ligge framme i bokhandelen heile året, og ikkje forsvinna frå butikkhyllene medan julesteiken er oppeten.
Dette er årboka som blir send alle medlemer før jul.
Det er og mogeleg å få kjøpt enkle hefter av Bygdejol frå gamalt av. Dog er nokre årgangar utselde, som 1945, 1948 og 1960. Det er og mogleg å få kjøpa Bygdejolsbøker med alt stoff samla frå 1945-1990. Årgangen frå 1971 -1980 er utseld!
Innhald i Bygdejol/Gamalt frå Kvam frå 1945 til i dag Bygdejolsregister 1945-2009 Sheet1.pdf
Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2008 |
|
 |
Ytre Ålvik - om grenda og livet der
I denne lokalhistoriske boka vert dei viktigaste hendingane sette under lupa, studerte med Ytre Ålvik sine eigne auge og uttrykte i personlege skildringar av korleis oppveksten har vore i grenda så langt bak i tid ein kan minnast. I tillegg til å vera god lesnad, er boka eit godt oppslagsverk for dei med mest interesse for lokalhistorie.
Bokdesign: Bodil Eide Laupsa Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2006 | |
 |
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger
Dette er ein dokumentarfilm som fortel frå historia om Ålvik som industristad. Det er historia om vatnet som vart til elektrisk kraft og vart grunnlaget for Bjølvefossen. Filmen fortel også om den stupbratte trallebanen, eit av dei mest unike kulturminna i Hardanger. Bør den vernast? Vidare vert vi kjende med eit rikt kulturliv som blomstra under røyken.
Regi: Knut Terum Foto/klipp: Jan Inge Mevold Skogheim Manus: Knut Terum / Frode storaas Musikk: Helge Lilletvedt Distribusjon: Kvam Sogelag Norsk tale, 29 min. Format: 16:9 Videoproduksjon: Pluss 2006
Hardangerforlaget 2006 | |
 |
Knut Hamsun i Øystese
Av Atle Austestad
Ei kortfatta, men samla framstilling av dei fire månadene Knut Hamsun budde i Øystese i 1879. Dette har vorte meir aktuelt etter at dagboka til Jon Skaar vart tilgjengeleg, og etter at det hausten 1992 dukka opp to upubliserte arbeid av Hamsun i redaksjonen til Hordaland Folkeblad i Norheimsund.
Bokdesign: Riss grafisk formgjeving AS Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2005 | |
 |
Fjordabonden Få bøker att. Frå stuttorv og sigd til rundballar og reiseliv Av Sjur Tarjei Fykse
Boka er ei jordbrukssoge i regi av Øystese aust grunneigarlag, med vekt på den rivande utviklinga som har gått i byljer, og tok til for kring 150 år sidan. Innleiingskapitelet tek for seg tidsbilete "Det gamle bondesamfunnet", for vidare å favna utviklinga innan dei ulike greinene av jordbruket. Me har freista å setja utviklinga inn i ein større samanheng slik at boka kan ha interesse også utover lokalområdet.
Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2003 | |
 |
Fortel meir, bestefar Utseld frå forlaget! Av Marie E. Skutlaberg
Dette er ei samling forteljingar der folk frå Kvam fortel om ting dei opplevde som born. Tidsrommet spenner over ein 200 årsperiode, frå ca. 1750 - 1950, med størst vekt på vår nære fortid. Boka gjev ikkje krav på å vera ei fullstendig oversikt over born sine levekår denne tidsperioden, men inneheld forteljingar som viser tilhøve på den tida hendiga er frå. Nokre av forteljingane er henta frå skriftlege kjelder, men dei fleste er skrivne ned i samband med utgjevinga av boka. Målgruppa for boka er først og fremst born, gjerne born i skulealder som kan ha nytte av boka i heimstadslære, grunnskuleveka eller liknande. Eg voner også at boka kan verta ei "barnebok for vaksne", der vi kan verta inpirerte til å fortelja den yngre generasjon om eigne opplevingar. Fortel meir, bestemor og bestefar!
Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2003 | |
|

|
Kvam ved tusenårskiftet Utseld frå forlaget! Av Torleiv Ljones
Det er prøvd å gje eit bilete av natur og menneskeskapt aktivitet i Kvam og dei mange bygder ved tusenårsskiftet. Det er bileta som skal fortelja i denne boka. Tekstane er korte, men med faktaopplysningar til hjelp for ei mange som ikkje er godt kjende i Kvam. Ei praktbok som "alle" i og utflytte frå Kvam bør ha i bokhhylla si!
Design og trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2000 | |
|

|
Attersyn 1 Av Knut Markus
Vårt mål med boka har vore å laga ei bok med balansert utval av bilete frå alle bygdelag som i dag utgjer Kvam herad. På den tida bileta vart tekne var desse bygdene fordelt på fire ulike kommunar; Varaldsøy, Strandebarm, Jondal og Kvam. Til enkelte bilete skulle me hatt fleire opplysningar, men bileta skal også pirra fantasien og gjera deg meir interresert i å få kunnskap om vår lokale historie og kulturarv.
Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 1997/2003 | |
 |
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse
Boka er eit kikhol inn i fortida, der somme ting er iaugnefallande, medan anna er gløymt. Ein del samfunnsområde er rikt dokumenterte på filmrullane. På andre, og gjerne like viktige område er det mest ikkje teke bilete. Men vonar boka vil verta til glede for mange med interesse for historia og utviklinga, som har ført fram til dagens samfunn.
Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2001 | |
 |
Bygdejolsbøker
Kvam Sogelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam/Bygdejol.
Bygdejol frå 1945 til 1990 er samla i 3 bøker som er tilsals i bokhandelen eller hjå forlaget. Bygdejolsbøkene frå 1971 - 1980 er diverre utseld.
Trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget | |
 |
Med penn og pensel i Hardanger Av Milly og Gunnar Aksnes
Gunnar Aksnes: Som professor i organisk kjemi grev han seg ned i harde fakta og logiske samanhengar. Som diktar bøyer han seg audmjukt for livsens under. Ord og formlar tykkjest å ha eit visst slektskap; han leikar seg med bokstavrim og lange ordsamansetjingar som skulle han byggja opp eit proteinmolekyl, "...sjelas juvgjeldsdjupner...". Dikta i boka er frå 1970 og fram til nyleg. Mange av dei vart til på einslege turar i ulendt tereng. Eit forløyst dikt er sælebot for Gunnar.
Milly Aksnes: Milly har måla sidan ho var to år, inspirert frå heimen i Samnanger. Ho havna som 19 åring på Aksnes og lærde mykje hjå Mons Breidvik. Ho kom på 70-talet med i Frimal i Bergen. "Ingen stad er så nydelig som Hardanger", seier Milly. Dei fleste motiva i boka er henta frå Hardanger eller er inspirert av naturen her.
Design og trykk: Øystese Trykkeri AS Hardangerforlaget 2001 | |
|
|