Kvam soge - og kulturminnelag

Siste nytt: 

 

  • Den årlege turen til Statsarkivet vert tysdag 4. juni.  Vi møter der kl 1800.  Den enkelte ordnar reisa sjølv.  Påmelding til 90941272.
  • Det er framleis alt for få som har betalt medlemspengar for 2019, fristen var 15. mai, men du kan ordna det NO. Men no er kontingenten 270 kroner!
  • Årsmøte vart halde 21. februar. Referat kan du lesa her.
  • Vil du sjå Bygdejol på You Tube? Bjørn Otto Wallevik har laga ein liten film med opplesning av eit juledikt frå 1945. 
  • Sveinung Time er ny redaktør for Gamalt frå Kvam. Ta gjerne kontakt med han om du har forslag til stoff du gjerne vil skriva eller lesa om 2019 eller 2020 utgåva!

  

 

  Kvam soge- og kulturminnelag
  • er ein open medlemsorganisasjon
  • tek vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn
    forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie
  • er medlem i Hardanger Historielag, Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie
  • Laget er også medlem i Kvam Folkeakademi og Grannehjelpa
  • har om lag 520 medlemer

Vil du verta medlem av Kvam soge- og kulturminnelag?

 Ta kontakt med styreleiar på E-post:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 Årlege medlemspengar er kr 250.

 Gamalt frå Kvam 

Kvam soge- og kulturminnelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam. Medlemer i Kvam soge- og kulturminnelag får kvart år tilsendt to Sogeskriv og årboka Gamalt frå Kvam.

Er du på jakt etter ein spesiell artikkel, kan du lasta opp vedlegget nederst på sida. Her finn du ei fil med oversikt over alle artiklar med forfattar og årstal samt litt om innhaldet. 

Me arbeider med digitalisering av årbøkene. Her er ein test: Bygdejol 1971.

Hardangerforlaget

Kvam soge- og kulturminnelag står bak drifta av Hardangerforlaget.
Er du interessert i bøker, finn du omtale av dei vi har under menypunktet Bøker.
Du kan tinga desse bøkene ved å sende 
e-post til til leiaren.


Slektsbok for Strandebarm og Tørvikbygd
Slektsbøkene for Strandebarm og Tørvikbygd er utgitt i 2008 og 2009. Det er i alt tre bøker.
Bøkene er tilgjengeleg i bokhandel eller frå leiaren: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa