referat frå Årsmøte 2018

Referat frå årsmøte 21.02.2019

 

Årsmøtet vart halde På Nes Gard. 

Det var 16 medlemmer tilstade.

Årsmøtet vart opna av leiar Anne Liv Soldal.  Det var ingen merknader til innkallinga.

Sakliste:

1         Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under årsmøtereferatet

2         Årsmelding

3         Revidert rekneskap for 2018

4         Medlemspengar, helsingslysingar

5         Arbeidsplan og budsjett for 2019

6         Vedtektsendring

7         Val

 

1         Val av ordstyrar, referent og to til å skriva under årsmøtereferatet

Tore Fykse vart vald til ordstyrar, og skrivar vart Brita Træbakken. 

Halldis Vangdal og Øyvind Neteland vart valde til å skriva under referatet. 

 

2         Årsmelding

Anne Liv Soldal gjekk gjennom årsmeldinga. Årsmeldinga vart godkjend.

 

3         Revidert rekneskap for 2018

Brit Magnussen gjekk gjennom rekneskapen.  Rekneskapen vart godkjend. 

 

4         Medlemspengar, helsingslysingar 

Medlemspengane vert uendra, kr 250 pr år. 

Prisen på helsingslysingar vert heller ikkje endra og er framleis kr 250.

 

5         Arbeidsplan og budsjett for 2019

Anne Liv Soldal orienterte om planar for 2019. 

Som gjort reie for i årsmeldinga, har vi no mellombels  boklager på Fruktlageret i Øystese.  Styret arbeider med å finna ei meir tenleg løysing. Det vert bokslepp til hausten også. Vi håpar at stølsboka er ferdig til boksleppet.  

 

6         Vedtektsendringar 

Styret gjorde framlegg om at nest siste avsnitt i §9 i vedtektene får slik ordlyd:

Valnemnd på 3 medlemmer og ein varamedlem. Medlemmene vert valde for 3 år, og slik at ein medlem er på val kvart år. Varamedlem vert vald for eitt år. 

 

7         Val

Leiar i valnemnda Randi Jåstad gjekk gjennom kven som var på val og nemnda sine framleggog følgjande styre vart vald:

Leiar :                       Anne Liv Soldal   vald for 1 år        (attval)

Styremedlemmer:    Heidi Richardson vald for 2 år       (ny)

                                 Alv Martin Vangdal vald for 2 år   (ny)

 Styremedlemmer som ikkje er på val:

                                 Oddbjørn Borge vald for 2 år i 2018        

                                 Brita Træbakken vald for 2 år i 2018      

Varamedlemmer:     Arne O. Øystese vald for 1 år         (attval)

      Terje Kolltveit vald for 1 år          (ny)    

                                 Inger Dysvik  vald for 1 år             (ny)

Hardangerforlaget

                                    Anne Liv Soldal med personleg vara Brita Træbakken (attval/1 år)

         Johannes Heradstveit vald for 2 år                      ( attval)

                                   Personleg vara: Oddbjørn Borge vald for 2 år    (attval)                                  

                                   Torgeir Magnar Børve vald for 2 år                     ikkje på val

                                   Personleg vara: Sjur Tarjei Fykse                          ikkje på val

Revisorar                   

                                   Helga Byrkjeland vald for 1 år                              (attval)

                                   John Magnar Neteland vald for 1 år                    (attval)

 Valnemnd

                                   

                                   Brit Magnussen                    Vald for 3 år

                                   Johannes Heradstveit          Ikkje på val, vald i 2018

        Randi Jåstad                                     Ikkje på val , vald i 2017     

                                   Varamedlem  Tore Fykse    Vald for 1 år

 

 

Anne Liv Soldal takka  Brit Magnussen og Tore Fykse som gjekk ut av styret.

Etter årsmøtet vart det brurasteik og drøs.  

Gjermund Nes fortalde om soga til garden og stova vi sat i medan vi drakk kaffi.

 

 

Halldis Vangdal                                           Øyvind Neteland

(sign)                                                           (sign)