Årsmelding for 2018

 

Årsmøtet for 2017 var i ungdomshuset på Oma 21. februar 2018 der 16 medlemer møtte.

Før årsmøtet fortalde Ole Gjerde om feletradisjonar og felebygging. Han freistar  å etablera

felebyggjarverkstad på Tangerås. Han spela også på toradar for oss.

Me vart servert betasuppe, kaffi og svært gode mjølkekaker. Dette tok Oma Kvinne- og familielag seg av.

 

Tillitsvalde etter årsmøtet 21.02.2018:

 

Styret

Leiar Anne Liv Soldal, vald for 1 år i 2018

Nestleiar Brita Træbakken, vald for 2 år i 2018

Skrivar Tore Fykse, vald for 2 år i 2017

Kasserar Brit Astrid Magnussen, vald for 2 år i 2017

Styremedlem Oddbjørn Borge, vald for 2 år i 2018

Varamedlemer til styret (alle valde for 1 år i 2018):

Arne O. Øystese, Arne Skeie og Margunn Olina Fykse

 

Hardangerforlaget

Leiar: Anne Liv Soldal med personleg vara Brita Træbakken, begge valde for 1 år i 2018

Torgeir Magnar Børve med personleg vara Sjur Tarjei Fykse, begge valde for 2 år i 2017

Johannes Heradstveit med personleg vara Oddbjørn Borge, begge valde for 2 år i 2018

 

Revisorar: Helga Byrkjeland og John Magnar Neteland, begge valde for 1 år i 2018

 

Valkomité:

Ingeborg Vik Seljebotn, vald for 3 år i 2016

Randi Jåstad, vald for 3 år i 2017

Johannes Heradstveit, vald for 3 år i 2018

 

Styrearbeid og arbeidsoppgåver i meldingsåret

Leiar Anne Liv Soldal og styremedlem Tore Fykse representerte laget på årsmøtet og lokalhistoriske dagar i regi av lokallaget på Voss og Hordaland sogelag.

Tillyst tur til Statsarkivet vart også i år avlyst pga for få påmelde. Slik vart det også for planlagt tur til Ulvik.

Styret har hatt 7 styremøte.

Boksleppet var i år på Framnes. Arne O. Øystese kåserte og Ragnhild og Sverre Ugletveit gav oss variert og god musikk. Redaktør Randi Jaastad oppsummerte og fortalde om arbeid med og innhald i årboka for 2018. Om lag 40 personar deltok på boksleppet.

Styret har også i år teke seg av boksal mm på Trebåtfestivalen i Norheimsund, Torgdagen i Norheimsund, Siderfestivalen i Øystese , Husflidsmessa i Øystese og Julemessa i Strandebarm.

Utdeling av SogeSkriv 1 og 2 i tillegg til årboka til medlemene i Kvam (om lag 300) vart også i år i hovudsak gjort på dugnad av styret. Utdeling av GFK til dei som hadde betalt for helsing vart også gjort av styret. Butikkane, 11 i talet, har seldt enkelte av laget sine bøker i tillegg til sal av GFK 2018. Butikkane selde 641eks av GFK i 2018 – til samanlikning vart det selt 661 eks i 2017. Opplaget vart endra frå 1750 eks i 2017 til 1500 eks i 2018. Litt fjernsal har det også vore, mest av Slektsbøkene. Prisen på desse har vi sett kraftig ned i von

om at fleire kjøper til seg sjølv og andre. Bøkene som vi har for sal, ligg med informasjon i landsdekkande katalog, Bokbasen. Tilskotssøknader til Kvam Herad, Hardanger Historielag, Hordaland fylkeskommune og Landslaget. Me betalar medlemspengar til landslaget , fylkeslaget og Kvam folkeakademi, 

Medlemsmassen har vore ganske stabilt, med naturleg avgang og tilgang. Ved årsskiftet 2018/2019 var det 532 medlemmer i laget. Av desse har 9 enno  ikkje betalt medlemspengar for 2018, Medlemspengane har vore kr 250 og vi vonar stadig å gje meir for desse pengane. Helsingslysingar for bedrifter kostar framleis kr 250. Bedrifta får då eit eks av årboka GFK.

Medlemsbladet SogeSkriv kjem ut 2 gonger kvart år, mars/april og prima oktober.

Utsalsprisen på GFK er auka til kr 200. Såleis vonar vi å halda medlemspris og pris for helsingslysingar uendra på kr 250.

Arbeidet med ny bok om stølar og støling i Kvam er starta opp. Det er håp om at den kan vera klar til boksleppet i haust. Hardanger Historielag har gjeve kr 10000 til stønad til boka.

Avtalen om leige av lagerlokalet på trykkeriet vart oppsagt etter at bygningen vart seld. Boklageret er mellombels flytta til Kvam fruktlager. Dette er utilfredsstillande lokale og styret må arbeida med å skaffa eit meir høveleg lokale. 

 

Gamalt frå Kvam 

Redaktør har vore Randi Jaastad og med seg i redaksjonsarbeidet har ho hatt Mali Grete N. Aksnes, Bjørn Otto Wallevik, Karen Mattiessen og Brita Træbakken.

For GFK 2019 er det berre Bjørn Otto Wallevik som har sagt seg villig til å halda fram i redaksjonsnemnda. Styret har tilsett Sveinung Time som ny redaktør. Redaksjonsnemnda elles er Bjørn Otto Wallevik, Oddvar Skogasel, Arne O. Øystese og Arne Gjerstad.

 

Styret i Kvam soge og kulturminnelag