Kvam soge - og kulturminnelag

Siste nytt: 

  • Tysdag 1. oktober kl1900 vert det årlege boksleppet feira på Kvam Vidaregåande skule i Øystese. Gamalt frå Kvam er i år 75 år, og har fått fleire sider enn nokon gong! Det vert både underhalding og litt å bita i.
  • Onsdag 27. november er det duka for ny kulturoppleving. Mållaget saman med Berge Gard og gartneri arrangerer BØKER OG BLOMAR.  Edvard Hoem kjem. Han signerer bøker og held foredrag.
  • Du skulle vel ikkje ønskja deg ei helsingslysing i Gamalt frå Kvam?  Det er for seint å nå 2019 utgåva, men 2020 vert straks sett i arbeid.  Det kostar berre 250 kr. Ta kontakt med Anne Liv Soldal.
  • Det er framleis nokon som ikkje har betalt medlemspengar for 2019.  Er du ein av dei, er det fint om du betalar kr 270  til kto 52772006365.  ( Medlemspengane er auka etter 1.juni pga arbeidet med purringar etc.)
  • Vil du sjå Bygdejol på You Tube? Bjørn Otto Wallevik har laga ein liten film med opplesning av eit juledikt frå 1945. 
  • Sveinung Time er redaktør for Gamalt frå Kvam. Ta gjerne kontakt med han om du har forslag til stoff du gjerne vil skriva eller lesa om 2020 eller 2021 utgåva!

  

 

  Kvam soge- og kulturminnelag
  • er ein open medlemsorganisasjon
  • tek vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn
    forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie
  • er medlem i Hardanger Historielag, Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie
  • Laget er også medlem i Kvam Folkeakademi og Grannehjelpa
  • har om lag 520 medlemer

Vil du verta medlem av Kvam soge- og kulturminnelag?

 Ta kontakt med styreleiar på E-post:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 Årlege medlemspengar er kr 250.

 Gamalt frå Kvam 

Kvam soge- og kulturminnelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam. Medlemer i Kvam soge- og kulturminnelag får kvart år tilsendt to Sogeskriv og årboka Gamalt frå Kvam.

Er du på jakt etter ein spesiell artikkel, kan du lasta opp vedlegget nederst på sida. Her finn du ei fil med oversikt over alle artiklar med forfattar og årstal samt litt om innhaldet. 

Me arbeider med digitalisering av årbøkene. Her er ein test: Bygdejol 1971.

Hardangerforlaget

Kvam soge- og kulturminnelag står bak drifta av Hardangerforlaget.
Er du interessert i bøker, finn du omtale av dei vi har under menypunktet Bøker.
Du kan tinga desse bøkene ved å sende 
e-post til til leiaren.


Slektsbok for Strandebarm og Tørvikbygd
Slektsbøkene for Strandebarm og Tørvikbygd er utgitt i 2008 og 2009. Det er i alt tre bøker.
Bøkene er tilgjengeleg i bokhandel eller frå leiaren: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa  

 

Julebrev i Bygdejol 1992-2016
Julebrev i Bygdejol 1992-2016

 

Medlemspris 100,-, Ikkje medlemmer 250,-

 

ISBN: 978-82-91520-74-2

Utgiv...

Les meir…
More:
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger
Frå solside til skuggeland? - industristaden Ålvik i Hardanger

Dette er ein dokumentarfilm som fortel frå historia om Ålvik som ind...

Les meir…
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad
Knut Hamsun i Øystese Av Atle Austestad

Ei kortfatta, men samla framstilling av dei fire månadene Knut Hamsun budd...

Les meir…
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg
Fortel meir, bestefar - Av Marie E. Skutlaberg

2.utgåve

Dette er ei samling forteljingar der folk frå Kvam fortel om...

Les meir…
Attersyn 1 Av Knut Markus
Attersyn 1 Av Knut Markus

Vårt mål med boka har vore å laga ei bok med balansert utval a...

Les meir…
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse
Attersyn 2 Av Sjur Tarjei Fykse

Boka er eit kikhol inn i fortida, der somme ting er iaugnefallande, medan anna e...

Les meir…
Bygdejolsbøker
Bygdejolsbøker

Kvam Sogelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det...

Les meir…